Fitjar spela ein glimrande 1. omgang, men då Vadmyra utlikna i 2. omgang, gjekk det hol på ballongen. Vadmyra vann til slutt 4-2.

Etter flotte skåringar av Ørjan Hatlevik og Gjert Ståle Olsen leia Fitjar fortent 2-0 etter første omgang i kampen mot Vadmyra i Fitjar Idrettspark i kveld. Det hadde heller ikkje vore noko å seie på om det hadde stått 4-0 etter halv tid.

Gutane våre begynte òg bra i 2. omgang. Men då Vadmyra fekk to kjappe skåringar, og såleis utlikna relativt tidleg i omgangen, vart fitjarlaget stressa, og klarte ikkje å følgje opp det gode spelet frå første omgang. I staden netta Vadmyra to gongar til, slik at det heile enda med eit surt 4-2 tap for Fitjar.

Likevel.
Haustsesongen er nettopp starta, og førsteomgangen synte at det bur mykje godt i Fitjarlaget. Det skal ein få ta med seg vidare.

Her er Agnar Aarskog sin kommentar:

Kvar sin omgong då Vadmyra slo Fitjar

Fitjar gjekk på tap i første haustkampen etter å ha dominert første omgang og burde ha leia med meir enn dei 2-0. Fitjar spelte ein glitrande første omgang der spelet glei fint og ein rulla opp mange angrep. Vadmyra såg ut som dei framleis var på ferie i første omgang og var svært tamme. Fitjar sin nyinnmeldte spelar Torgeir Borlaug debuterte og gjorde ein god kamp.

I andre omgang starta Fitjar best og kunne nok ha auka leiinga i starten på omgangen. Men så skjer det noko. Vadmyra scora på sin første sjanse i andre omgang. Dette fører til total kollaps hos Fitjar og i løpet av 12 minutt scorar Vadmyra 4 – fire mål. Det kan sjå ut som om Fitjar gutane står og ser på. Etter dette sjokket jamnar kampen seg ut att og ebbar ut med 4-2 seier til Vadmyra.

Det er vanskeleg å sjå kva som gjekk gale, men uansett så må ein ta med seg alt det positive frå kampen og jobba vidare derfrå.

Det er ny kamp alt på laurdag.