Etter å ha leia 4-0 over Laksevåg II ein halvtime før slutt sleppte A-laget til Fitjar motstandarane sine inn att i kampen og måtte nøya seg med poengdeling etter utlikning tre minutt på overtid.

Kampen mot Laksevåg var kampen Fitjar-gutane ikkje kunne tapa, i alle høve ikkje etter det me hadde sett etter dei første 55 minuttane av kampen. Men på stillinga 4-0 til Fitjar gjekk begge Træs-gutane Helge og Kjell ut med skader. Dermed fekk me ein heilt ny kamp, og eit tafatt bortelag starta opphentinga av i håplaus leiing.

Heimelaget hadde full kontroll i første omgang. Øyvind Fykse Lie utnytta eit sovande forsvar og ein dårleg plasssert Laksevåg-keeper då han la ballen pent i mål frå ca. 18 meter, 1-0 til Fitjar. Neste mål for heimelaget kom etter vel 20 minutts spel; Leif André Tangen tok ballen frå ein uheldig keeper rett innanfor 16-meteren, og la ballen i det tomme målet. Då Fitjar fekk straffe berre få minutt seinare såg dei fleste for seg at kampen var avgjort. Øyvind Fykse Lie blei felt bakfrå i feltet, og Kjell Træet la ballen sikkert i mål. I løpet av heile første omgang noterte me berre ein sjanse for bortelaget, medan heimelaget hadde sjansar nok til å gå opp til både 4-0 og 5-0. 

Då laga kom på banen i andre omgang, var det altså berre for Fitjar å sikra sigeren, og hanka inn tre velfortente poeng. Slik såg det absolutt ut til å gå då dei gjekk opp til 4-0 ti minutt ut i omgangen. Kjell André Thorland blei spelt fint igjennom, og la ballen fint forbi keeper inne ved stolperota. Men derfrå og inn blei kampen eit mareritt for heimelaget. Brørne Kjell og Helge Træet gjekk ut med skader i legg og lår, og få sekund etter reduserte Laksevåg til 1-4. Ny redusering kom berre to minutt seinare, og 3-4 kom fem minutt deretter. Dermed blei siste halvdel av andre omgang ein nerveslitande affære. Bortelaget hadde fått blod på tann, og hadde fleire sjansar til utlikning. Då det såg ut som om heimelaget hadde ridd stormen av, fekk Laksevåg frispark inne på Fitjar sin banehalvdel, vel tre minutt på overtid. Ballen blei lagt høgt inn i Fitjar-feltet, og heada pent i mål av Laksevåg-spelaren Dan Nilsen. 

Resultatet 4-4 var eit stort vonbrot for eit heimelag som såg ut til å ha full kontroll over kampen så lenge brørne Træet var på banen. Og ditto jubel for eit bortelag som på ubegripeleg vis reiste seg som ein fugl Føniks av oska og rana eitt poeng med seg heim til Bergen.