– Trass i stor anleggsverksemd i Rossneset, hadde 9A og 9B lagt sin månadlege utedag dit i dag, fortel lærar Kjerstin Stokken til fitjarposten.no.

Me får vidare høyre at dei var kjempeheldige med vêret, og at dei hadde ein flott dag med matlaging ute. På menyen stod kyllingwok laga i bålpanner over båla.

– Absolutt å anbefale!, seier Stokken og legg til at dei hadde potet, gulrot, løk, paprika, blomkål, brokkoli, squash, kylling, chilisaus og fløyte i woken.

Innimellom matlaging og eting var det sjølvsagt også litt tid til leik og moro, som ’Gje ein liten vink’ og ’Stratego’. Det blir ein aldri for gammal til!

Alt i alt ein flott dag ute for 9.-klassingane!