Ved inngangen vart alle møtt av eit bord der rosa farge var iaugefallande.

Då er det nok mange som skjønar at dette gjeld den årlege aksjonen med fokus på brystkreft. Norsk
kreftforening og foreninga for brystkreftopererte står bak opplegget som vert arrangert for 
trettande gong i Norge. To driftige damer på Café Annemor, Jorunn Torland og Sissel Christensen,
og Solveig Vik inviterte til Rosa sløyfe-kveld i går, der mange utanbygds var til stades.

Kjellaug Sundland orienterte om Brystkreftforeninga i Sunnhordland der ho er leiar. Ho hadde og med 
seg brosjyrar og selde den rosa sløyfa, sjølvsagt, som er symbol på at ein viser solidaritet med 
brystkreftopererte og at ein gir pengar til vidare forskning.

Hilde Aas frå Leirvik fortalde om korleis ho opplevde det å få brystkreft og me fekk innblikk i
behandlinga både med cellegift og strålebehandling på Haukeland universitetssjukehus, der ho vart teken hand om på beste måte. Hilde er i fullt arbeid i dag.

Jorunn hadde laga ei god suppe som ho kalla ei ”skikkeleg vitaminbombe” med brød og salat til. Det var ei lang pause med mykje god drøs og loddtrekking på inngangsbilletten. Wenche Tislevoll
hadde sitt første offisielle oppdrag som ordførar denne kvelden. Ho takka dei tre som stod bak 
arrangementet og overrekte ein gåvesjekk frå kommunen til Rosa sløyfe-aksjonen. Jorunn og Sissel 
støtta også økonomisk ved å gi ein del av inngangspengane. Karine Tveit Lillenes sine songar var  
eit fint innslag. Ho vart akkompagnert av Kjerstin Stokken.