Torsdag kveld samla 33 rosakledde damer og ein mann seg til løp for Rosa sløyfe-aksjonenpå Rimbareid skule.

Alle saman er gode kollegaer på skulen. Initiativtakar til arrangementet var Anne Helene S. Vestbøstad. Ho hadde forøvrig bakt bollar og laga kakao til stor glede for alle deltakarane etter løpet.

Løypa gjekk (i begge retningar) rundt Vestbøstad. Strålande tiltak som allereie har blitt ein tradisjon til nytte og glede for den vidare kreftforskinga.

– Me kan alle gjera noko for ein kollega, venninne, mor, eller nabo. Det kostar så lite,seier Anne Helene med eit smil.