I år som i fjor vart det delt ut pris til «Årets frivillige festivalmedarbeidar». Dette året var det Britt Padøy som fekk prisen, utdelt av ordførar Wenche Tislevoll, og det var ein rørt prisvinnar som tok imot. Foto: Håkon C. Hartvedt

 

I grunngjevinga for prisen brukte festivalleiar Sigurd Andrè Maraas ord som positiv, smilande, glad, nytenkjande, pliktoppfyllande, ein som er lett å samarbeide med, diplomatisk og fredeleg – og ei som har skaffa «utallege frivillige til festivalen».

Vel unt – og gratulerer, seier me.