– Dette er meste for mykje, uttala ein tydeleg rørt Ingolv Rimmereid, som fekk besøk av ordføraren, varaordføraren og kultursjefen i dag.
Formannskapet vedtok nemleg at Ingolv Rimmereid skulle få årets kulturpris for sin aktive rolle i Fitjarbygda.
– Ingolv har alltid vore opptatt av det som skjer i storsamfunnet og bygda si, både når det gjeld politikk og kultur, skriv formannskapet i den lange grunngjevinga.
Med mange år i kommunestyret, og aktivt medlemskap i Fitjar Ungdomslag, Fitjar Sogelag, Fitjar Museumslag og Sunnhordland Folkemuseumslag er prisen absolutt fortent.
– Ingolv står bak initiativet til både Fitjar skulekorps og Fitjar drakta.
Rimmereid fortel at ideen om å starta skulekorps fekk han når han budde på Manger. For musikken har vore viktig for Rimmereid, salmeskatten og gamle folketonar ligg hans hjarte nærast. Han har synge i Osternes mannskor i over 20 år, og har delteke og arrangert ulike kurs kveding.
– Ingolv er sannelig ein flott representant for bygda vår, og ein kulturberar av høgste rang, avsluttar formannskapet i si grunngjeving.
Sjølve prisen vil ha få utdelt ved eit seinare høve.
– Eg vart so heise overraska, og må få lov til å seia hjarteleg takk, sa den blide vinnaren.
