Under gårsdagens romjulsstemne på Vikahaugane hadde Fitjar ein rekordstor tropp i aksjon, noko som viser at friidrettsfolket driv godt rekrutteringsarbeid i bygda.

Det blei vist ei rekkje fine prestasjonar av alle dei unge utøvarane, utan at resultat og rangering skal vektleggjast for mykje når det gjeld rekruttane, dei til og med 10 år.

Gustav Levåg er snart sju år og deltok i sitt første friidrettsstemne. Foto: Kjetil Rydland.

Men: Gustav Levåg, Sunniva Wiik, Ole-Jakob Wiik, Gard Sandvik Bø, Tori Torbjørnsen, Olve Torbjørnsen, Jonas Stokken, Linnea Stokken, Jonas Dalen, Guro Dalen, Mikael Kongestøl Vik gjorde alle ein framifrå innsats i sine øvingar. Dei viser at etterveksten er god i Fitjar-friidretten, og dei vert nok inspirerte av å vera med på eit slikt stemne.

Dei sterkaste resultata av Fitjar sine utøvarar stod Marius Torbjørnsen (16) og Johannes Sandvik Bø (13) for i høgde, med høvesvis 1,65 og 1,40. På 60 meter var det Marius Pedersen (12) og Ole André Stokken (16) med 9,00 og 8,16 som var aller best.

Særleg Ole André sin debut på denne distansen gir oss håp om at han prøver mange gonger til. Han var berre tre hundredelar bak svært mykje meir erfarne Erlend Kringeland frå Stord i denne øvinga. Og med 1,55 i høgde og 5,15 i lengde, med svært lite spesialtrening, viser Ole André at talentet er utvilsamt også i dei øvingane.

Anna Sandvik Bø (15) viste fin sprint med 8,91 (pers) og 4,32 i lengde, også pers. Marius Kongestøl Vik (13) overraska i høgde ved å svinge seg over solide 1,30, som er pers med minst 10 cm. Kristoffer Stokken (12) sette ein solid pers på 60 meter med 10,74. Bjart Sandvik Bø (12) sette også pers i same øving 10,14 og greidde 1,20 i høgde. Eirik Torbjørnsen (14) persa også på 60 meter med 9,30, nøyaktig eit sek bak to år eldre bror Marius (8,30). Ein annan debutant var Malin Stokken (12) som sprang inn til 10,52 på 60 meter og støytte kule (utan at resultatet er klart enno).

I dag reiser tolvåringen Marius Pedersen til Haugesund og prøver seg på 600 meter. Målet er å koma under 1,45.

 

- Annonse -