Utsikt frå Storhaugen i dag. Foto: Kjetil Rydland.

Førstkomande måndag, 30. desember, inviterer Fitjar kyrkje og Fitjar Idrettslag til motbakkeløp og mosjonstur opp til det vakkert lyssette tårnet i Storhaugen.

Det er friidrettstrenar Bård Inge Bø i Fitjar Idrettslag som melder dette til Fitjarposten.

Han fortel at det vert tidtaking for dei som ynskjer det. Men dei som berre tar marsjen som ein liten luftetur, er like velkomne. Bø oppmodar folk om å ta med hovudlykt, uansett kor travelt dei har det med å nå toppen.

Initiativtakar er ordførar Harald Rydland. Frå butikken til Larsen er det rundt 100 høgdemeter, turen er på rundt rundt ein kilometer. Avmarsj vert kl. 17.00.

Kyrkja har open varmestove med godprat, gløgg og julekjeks på vegen ned att.

Velkommen til ein frisk og triveleg romjulsaktivitet! seier Bø til slutt.

Tårnet i Storhaugen med julelys. Foto: Kjetil Rydland.