I samband med den store kunstutstillinga i Fitjarøyane i august treng ein husvære. Har du eit ledig gjesterom eller nokre sengeplasser i ei kjellarstove? Då kan du tene ekstra pengar under kunstfestivalen i august.

10.-12. august vert det kunstutstilling på Smedholmen og dei omkringliggjande holmane. Me snakkar om «Five Thousand Genrerations of Birds». 

– Dette er eit stort prosjekt som krev mykje av den gode friviljugånda i bygda. Fitjarfestivalen går av stabelen same helg, og me kjem til å jobbe tett heile tida. Det er kjempeflott om heile bygda engasjerer seg i desse to arrangementa for å verkeleg vise fram dei beste sidene ved Fitjar, vene stad. 

Spesielt vert det behov for ein del overnattingsstadar. Har du kanskje eit tomt hus/leiligheit/rom denne helga? Meld i frå! oppmodar Jorunn Hernes i komiteen som har ansvar for denne delen av arrangementet.

Ho understrekar vidare at det kan vere ein sofa i ei kjellerstove, eit rom eller ein annan enkel stad å sove. Det vil vere mange tilreisande som treng soveplass frå fredag til søndag den helga, og her treng vi å tenke kreativt for å få plass til alle.

– Du treng ikkje stå på pinne for overnattingsgjestene, dei treng berre ein stad å sove. Vil du gje ein pris inkludert frokost, er det også heilt opp til deg. Kom igjen, vis at bygdedyret også kan vere eit kosedyr, la oss vise ungdommane som kjem til bygda for å oppleve kunstfestivalen ar her er hjarterom og husrom! legg ho til.

Dei som har seng/rom/anneks/naustloft å tilby denne helga kan altså ta kontakt med Jorunn Hernes jorunn@fitjarsoap.no eller tlf 41 27 03 21 og fortelje kor mange sengeplasser dei vil leige ut den helga, kor det er, kva du skal ha for det og kven som er kontaktperson. Så skal det verte formidla vidare. (Eksempel: To rom i hus på Vestbøstad, ca 2 km frå sentrum. 250 kr per person fredag – søndag. For booking: Kontakt Fornavn Etternavn på tlf : xxxxxxxx)

– Alle typar overnatting er interessante og vert mottekne med takk! heiter det til slutt.