25 stykkjer samla seg på bedehuset i dag til babysong og småbarnstreff.

Interessene var ulike, nokon var mest interessert i tromma, andre likte best å utforska bedehuset, nokon satte mest pris på traktorane, andre såpeboblene.Nokon song av full hals, andre gøymde seg i fanget til mamma, nokon sov. Her var det palss for alle. Dei fleste likte å liggja under "sjøen" som lagde bølgjer, liggja i "båten" som gynga på bøljene og høyra om apekattane som hopte i senga. Dei som ville fekk trekkja "songar" frå hemmelege posar eller velgja songar i form av kort med bilder på. Etterpå smakte det godt med nista og kaffi, te og saft. Drøsen gjekk lett og ungane fant seg til rettes med leik på golvet. Dei nye duploklossane var populære. Plutseleg var klokka 12 og det var tid for rydding. Neste onsdag samles gjengen til tur i Rossneset, og då er alle som ynskjer det velkomen til å vera med. Det vert avgang frå Idrettsbanen klokka 10.30. Om to veker er det på ny babysong og småbarnstreff på bedehuset, og då håpar me endå fleire finn vegen dit.