I døropninga står Mette Fitjar og Simen Aarskog med blomar etter at dei har gått ut av styret. Det nye styret er Torstein Grimen, Magne Siglen, Agnar Aarskog, Silje Haukeland (varamedlem) og Ingelill Handeland Eide. Foto: Kjetil Rydland.

Torsdagens årsmøte i Fitjar Kraftlag viste at økonomien framleis er svært god etter salet av kraftnettet til Haugaland Kraft, og Agnar Aarskog held fram som styreleiar.

Kraftlagsårsmøtet samla ikkje på langt nær så mykje folk som vanleg, og dermed blei det ikkje problem med å avvikla det på forskriftsmessig måte etter gjeldande koronareglar. I salen var det 29 røysteføre, og totalt 47 røyster, inkludert alle fullmakter.

– Økonomien i Fitjar Kraftlag er veldig god, kunne styreleiar Agnar Aarskog slå fast då han la fram årsmelding og rekneskap i tospann med dagleg leiar, Therese W. Nysæther.

Oveskotet for 1919 var på over 261 millionar kroner; det gode årsresultatet skuldast i all hovudsak gevinst ved realisasjon av aksjar i SKL og utbetalt utbytte. Styreleiar Agnar Aarskog kunne med glede konstatera at all gjeld er nedbetalt.

Årsmøtet vedtok at 3 mill. av overskotet blir avsett til fond for allmennyttige tiltak, og 5 mill. skal betalast ut som kjøpsutbytte for medlemmene i Fitjar Kraftlag. Utbyttet går til kundar som var medlemmer per 31.12.2019, og som handla med Fitjar Kraftlag i fjor.

Styreleiar Agnar Aarskog presiserer at du må vera medlem for å ha rett på kjøpsutbytte. Opplysningar om innmelding finn du på heimesida til Fitjar Kraftlag.

Etter salet av nettverksemda til Haugaland Kraft Nett AS frå 1. januar 2019 fokuserer Fitjar Kraftlag på breibandsverksemd, kraftomsetning, produksjon, eigarskap og samfunnsutvikling.

Fitjar Kraftlag har heilt sidan starten i 1935 vore ein samfunnsbyggjar, og slik vil laget halda fram. Ifølgje årsmeldinga vil ein jobba vidare med strategi for kva rolle Fitjar Kraftlag skal ha som samfunnsutviklar til beste for medlemmene og Fitjar-samfunnet.

Tore Sigurd Fitjar var blant dei få som tok ordeet under torsdagens rolege årsmøte. Foto: Kjetil Rydland.

Under valet gjekk alle forslaga frå valnemnda gjennom utan motkandidatar. Leif Helge Engelsen, Kari Raunholm og Ingrid Vestbøstad hadde gjort eit svært grundig arbeid, og presenterte både dei gamle og nye styrekandidatane på utførleg vis.

Ingelill Handeland Eide er eit nytt andlet i kraftlagsstyret, her blir ho presentert av Leif Helge Engelsen i valnemnda. Foto: Kjetil Rydland.

Ut av styret gjekk Simen Aarskog og Mette Fitjar, som begge hadde sagt frå seg attval. Magne Siglen rykte opp frå varamedlem til fast medlem i styret. Ny medlem blir òg Ingelill Handeland Eide frå Helgeland, busett på Eide på Strando. Silje Haukeland blir ny varamedlem. Torstein Grimen og Agnar Aarskog held fram i styret, og sistnemnde blei vald til styreleiar for eitt år til.

Det var god plass i salen under årsmøtet, og ingen problem med å halda god koronaavstand. Foto: Kjetil Rydland.