Det vart eit roleg årsmøte i Fitjar Kraftlag, onsdag kveld, med val og orientering om aktuelle saker.

I alt møtte 68 partseigarar til årsmøtet som godkjende det framlagde resultatet på 5, 2 millionar kroner. Heile resultatet vart tilført annan eigenkapital. Av dette skal 2 millionar nyttast til nedsetting av nettleiga slik at fastleddet for hushaldning og mindre næring (H4) vert 1500,- kroner pluss moms. Resten går til subsidiering av energileddet. Årsmøtet godkjende og at 527 000 kroner vert nytta til allmennyttige føremål.

I styrevalet vart Johannes Koløen attvalt til styreleiar; Toralv Røen vart nytt styremedlem etter Ingmund Bjordal, og Sigurd Underhaug vart nytt varamedlem etter Toralv Røen.

Etter at dei formelle årsmøtesakene var over, vart det informert om den nye Samvirkelova, som venteleg vert vedteken i Stortinget til hausten, og om status og forventa framdrift for Midtfjellet Vindpark.

-I alt er det kome 18 ankar til denne saka, noko som tyder på at Olje og Energidepartementet truleg vil bruka 6 månader på denne anken. Høyringsfristen for reguleringsplanen som vart lagt ut 12.mars, går ut 12. april. Dermed kan det bli godkjenning på denne allereie 1. halvår 2007, heitte det.

-Etter at reguleringsplanen og konsesjonen er stadfesta av OED, vil ein så kunne henta inn anbod på møller og førebels prisar på vegar etc. I tidlegaste fall vil det bli byggjestart i juli/august 2008. Og ein reknar med to års byggetid, fekk me vidare vita.

Torbjørn Hovland stilte spørsmål om kor stor auke i tilskotsordninga som måtte til for å kunne byggja.
Til det svarte kraftlagssjef Ole Vidar Lunde at ein eigentleg ikkje veit kor mykje dette vil kosta, men at ein har ein ide om det ut i frå kalkyler som er gjort på andre konsesjonar.-Det ser ikkje heilt håplaust ut, meinte Lunde.

Kjell Nesbø kritiserte rapporten som låg føre og "oppmoda Midtfjellet Vindkraft til å vera meir seriøse", som han sa. Han kritiserte vidare Kraftlaget for å vera ein altfor sterk pådrivar i denne saka.

Lunde svarte at avtalene med grunneigarlaget og dei privar grunneigarane, var i skjønnaste orden, og med omsyn til rapporten og den mykje omtala støyen med vindmøller, peika han på at støyen med omsyn til alle aktuelle bustadsområde, er trygt innanfor støygrensane som Statens forurensingstilsyn har sett.

Torbjørn Hovland spurte om kvifor det no låg an til å bli fleire vindmøller enn 36, når ein på eit tidlegare møte på Fitjar Fjordhotell, understreka at det slett ikkje kom til å bli fleire enn dette talet.

Til det svarte elverksjefen at ein har fått konsesjon for 150 megawatt (MW). I utreidninga til denne rekna ein med vindmøller som hadde ein viss effekt, men så fekk ein ikkje køyre med vindmøller med eit slikt høgt effekt-tal. Dermed blir det nokon fleire vindmøller, men alle med mindre effekt enn det ein tenkte under utreidninga.

 

where to get steroids