Leiar Gisle Levåg blei attvald på eit roleg årsmøte i Fitjar Idrettslag, fotballgruppa, tysdag kveld.

Ingen kontroversielle saker stod på saklista då fotballgruppa avvikla årsmøtet sitt i Fitjar kultur- og idrettsbygg i går kveld. Møteleiar Odd Sverre Larsen såg derfor ikkje for seg store vanskar med å losa dei 16 frammøtte gjennom årsmøtet.

Og ordstyraren fekk heilt rett, i løpet av nokre fredelege minutt var årsmøtet over. Rekneskapen viste eit driftsoverskot på rundt 29 000 kr, og blei godkjend utan merknader. Det same blei årsmeldinga frå styret og undergruppene i fotballgruppa. Likviditeten til fotballgruppa er også god.

Av årsmeldinga gjekk det elles fram at A-laget hadde ein god sesong i fjor, med 44 poeng på 20 teljande kampar, og ein målforskjell på 77-26. Målforskjellen er den beste Fitjar har oppnådd på 13 år, poengfangsten den nest beste. Men det blei likevel ikkje opprykk, Fitjar måtte nøya seg med 3.-plass i 5. divisjon, 3 poeng bak Os 2 og Bremnes.

I år har Fitjar igjen meldt på juniorlag i serien, men ein har dessverre ikkje damelag. I dei aldrsfastsette klassane, derimot, er aktiviteten svært god, med over 200 aktive spelarar. Og store høgdepunkt i sesongen var SPAR Cup og TINE Fotballskule i juni. Ei anna storhending er den årlege Wärtsilä Cup i Fitjar kultur- og idrettsbygg.

Etter valet ser det nye styret slik ut:
Gisle Levåg, leiar
Roald Drønen, seniorleiar
Odd Magnar Volden, ungdomsleiar
Anne Helene Vestbøstad, minileiar
Renate Hellesund, kasserar
Kjetil Rydland, skrivar
Birte Steinsland, styremedlem
Monika Hatlevik, varamedlem
Mona A. Traa, varamedlem