Det vart ikkje dei høge bølgjene som prega årsmøtet i Fitjar Kraftlag i FKIB i går kveld.

Dei 42 frammøtte kunne registerere at det ikkje vart fremja nokon andre saker enn dei som stod på saklista, og møtet baud ikkje på store overraskingar.  

Johannes Koløen, Monika Hatlevik og Trond Gerhardsen (tilsette) takka for seg, og inn i styret kom Simen Aarskog, Helga Auestad og Elin Anita Erstad (tilsette).

Det nye styret etter årsmøtet 13. mai 2014 ser då slik ut:
Ranveig F. Ottestad Styreleiar
Agnar Aarskog Styremedlem
Simen Løland Aarskog Styremedlem
Helga N. Auestad Styremedlem
Elin Anita Erstad Styremedlem (tilsette)

Varamedlemer:
Øyvind Skålevik Varamedlem
Renate Hellesund Varamedlem
Erlend Dalen Varamedlem (tilsette)

Fitjar Kraftlag hadde i 2013 eit årsoverskot på kr 9.146.573,-

- Annonse -