Stord-spelaren Roger Almås bur i Fitjar, og satsar no på overgang til Fitjar Idrettslag.

Med erfaring frå 2. divisjon på midtbanen til Stord vil han naturlegvis bli ein god mann for A-laget til Fitjar. Trenar Stein Gunnar Halleråker er svært glad for å ha fått ein god midtbanespelar i sin beste fotballalder til å forsterka det unge mannskapet han rår over.

Elles rapporterer trenarduoen Stein Gunnar Halleråker og Kjell Træet om bra frammøte og god innsats på treningane i vinter. Men snøen går på tolmodet laus. Den eine treningskampen etter den andre har blitt avlyst. I går skulle dei ha møtt gutane på Stord junior elite, men snøfallet på Stord om natta spolerte den kampen.

 

Trenarduoen Kjæll Træet og Stein Gunnar Halleråker er utolmodige etter å skifta ut snøskuffene med fotball. Foto: Kjetil Rydland.
Trenarduoen Kjæll Træet og Stein Gunnar Halleråker er utolmodige etter å skifta ut snøskuffene med fotball. Foto: Kjetil Rydland.