Roger Almås blir ny trenar for Fitjar, her i aksjon for A-laget for nokre år sidan. Arkivfoto: Kjetil Rydland.

Den gamle kjenningen Roger Almås tek over som trenar for A-laget til Fitjar Idrettslag i fotballens 5. divisjon.

Dermed har fotballfolket i Fitjar fått ei fin julegåve, som lyser opp i den grå kvardagen. Og seniorleiar Sondre Aarland i fotballgruppa har all grunn til å vera fornøgd.

Aarland fortel at han reknar med å få ein hjelpetrenar på plass i løpet av kort tid. Han kan ikkje melda om noko særleg nytt når det gjeld spelarstallen. Men denne trenaravtalen vil ganske sikkert hjelpa Fitjar til å mobilisera gode fotballspelarar som elles kunne vera i tvil.

Roger Almås er nemleg ikkje noko nytt ansikt, verken for fitjarspelarane eller andre fotballinteresserte fitjarbuar. Han har spela fleire sesongar som midtbaneanker på A-laget til Fitjar, og han gjorde det svært godt.

Me ønskjer fitjarfotballen og den nye trenaren lykke til. Treningane føre 2020-sesongen startar måndag 6. januar.