I løpet av to kveldar denne veka har 19 fitjarbuar fått opplæring av instruktørar frå Røde Kors for å bli beredskapsvakter som kan tilkallast i høve større aksjonar.

Hittil har Hordaland Røde Kors etablert ei beredskapsordning i fire kommunar, og i haust har dei arbeidd med å få til ei slik ordning i kommunane Bømlo, Fitjar og Stord. I Fitjar tok dei kontakt med fleire personar med erfaring frå Røde Kors, for å få hjelp med å informera fitjarbuen med tanke på rekruttering til oppdraget.

Lars J. Rydland fortel at han tente på ideen, og var med på stand utanfor Larsen i sentrum. I løpet av ein fredag og ein laurdag i haust var representantar frå Hordaland Røde Kors på plass og klarte å rekruttera rundt 35 fitjarbuar. Og tysdag denne veka fekk dei første elleve av desse ei fire timars opplæring av Kjetil Hegglid, korpsleiar i Os Røde Kors. Håkon-Larsson-Fedde frå Hordaland Røde Kors var med og informerte om ordninga. I går kveld møtte åtte nye kandidatar om til eit tilsvarande kurs, under leiing av Lars J. Rydland, som har mange års erfaring frå Røde Kors-arbeid i Stord og Fitjar. Lars Atle Skorpen møtte frå Hordalands-kontoret for å informera om ordninga, som er ein Hordalands-idé.

Dei som har meldt seg på som beredskapsvakter har ikkje forplikta seg til noko, bortsett frå ein kveld i året til skolering/oppdatering. Tanken er at dei skal hjelpa til ved større aksjonar, der det blir bruk for mykje personell, t.d. leiteaksjonar som går over lang tid. Her er det ofte bruk for å erstatta folk etter kvart som dei blir slitne. Då vil beredskapsvaktene få ein telefon om dei kan hjelpa til, men dei har altså ikkje forplikta seg til å stilla dersom det ikkje høver nett den gongen.

Her kan du lesa meir:
http://www.rodekorsberedskapsvakt.no/web/

deca steroids