Lions røde Fjær har i perioden 2.-8.februar aktivitetar og bøsseberaraksjon over heile landet for å samla inn pengar til undervisningsprogrammet «Mitt Valg». På Fitjar skjer det på søndag mellom kl. 14.00 og 17.00. Illustrasjonsfoto: Stockphoto

-Formålet med MITT VALG er å skapa eit trygt og godt læringsmiljø og førebyggjande med omsyn til problemåtferd som mobbing og rusmisbruk. Skular i Bømlo, Stord og Fitjar har brukt programmet MITT VALG med gode resultat.

På førehand tusen takk for at du tar i mot bøsseberarane, og takk for di støtte til Lions Røde Fjær, heiter det i ei pressemelding der me òg finn fyndordet:

Det er betre å byggja born enn å reparere vaksne!