God stemning på scenen når The Jokers opptrer. Foto: Kjetil Rydland.

Denne helga har NFU Hordaland avvikla fylkesårsmøtet sitt på Fitjar Fjordhotell, og høgdepunktet var truleg konserten med «The Jokers» oppe ved Olstjødno.

Fylkesstyret, årsmøtedelegatane og nokre få ledsagarar, totalt rundt 50 menneske, fekk oppleva Fitjarfjellet frå si beste side i solskinet laurdag ettermiddag. Først blei det ein ugløymeleg busstur i vindmølleparken, før dei fekk servert kaffi og kake i den nye bygningen til Midtfjellet Vindkraft.

Geir Tore Søreide i kjent stil. Foto: Kjetil Rydland.

Både mat og drikke såg ut til å smaka godt, men helgas høgdepunkt vil me tru var konserten med dissimilisbandet «The Jokers» frå Bømlo. Under leiing av den engasjerte musikklæraren Arvid Mikkelsen ved Bømlo kulturskule presenterte dei dyktige rockemusikarane det eine glansnummeret etter det andre, både gospel, negro spirituals og rock.

Høyr «The Jokers» framføra Amazing Gace elle Chuck Berry-låten Johnny B. Goode.

Og dei hausta ståande applaus hos det takknemlege publikummet av årsmøtedelegatar og følgje. I løpet av dei siste åtte åra har «The Jokers» opptrådd på 170-180 konsertar rundt om i Hordaland og Rogaland. Allereie i 2012 gav dei ut den første CD-plata si.

Fylkesleiar Kai Esten Dale i NFU Hordaland var ein av dei som let seg riva med under den fartsfylte konserten ved dei glade musikantane frå Bømlo. Han fortel elles at han set pris på mottakinga frå vertskapet på Fitjar, med hotellsjef Ronald Hareide ved Fitjar Fjordhotell og NFU styremedlem Geir Tore Søreide i spissen.