«Der e di, der e di!»  «Eg ser di!» Jubelen braut laus i idrettshallen då Team Hanne entra scenen, som Fitjar kraftlag si 75-års bursdagsgåve til Fitjarbygda. Ei strålande blid Hanne og teamet hennar tok fitjarpublikummet med storm, og dei frammøtte fekk ei flott konsertoppleving på ein elles tung og regnfull haustdag. Som styreleiar i kraftlaget Johannes Koløen sa etterpå: Eg hadde store forventningar, men Hanne Krogh og Team Hanne gav meg langt meir enn forventa!

Utan å kunna seia det heilt eksakt gjekk Ole Bergesen ut frå at det hadde vore så mykje som 700 menneske i hallen under konserten, og det er ny rekord. Med lånte stolar frå Vikahaugane fekk alle ein plass å sitja, enten på benkeradene på midten, ved borda på sidene eller på tribunen.

Programmet var variert frå rock, via viser, rap, gospel og country til barnesongar. Aldri før har det vore så mange folk i idrettshallen. Både ungar, vaksne og eldre uttrykte at dei syntes dette var ein kjekk bursdagfest. «Dei er jo så flinke!», var gjennomgangstonen etterpå. Lyden var på eit nivå som både babyar og dei med høyreapparat kunne trivast med, og i tillegg til ei flott konsertoppleving var det bursdagsmat å få kjøpt. Pølser i brød, brus, popcorn og mange flotte festkaker vart selt frå fire «Trafokioskar».

I tillegg til at Hanne hadde ein songavdeling krydra med opplevingar frå eige liv, hadde fleire av team-medlemmene eigne avdelingar eller songar.

Det var og satt av tid for ein ynskje-konsert. Ynskja var varierte, og teamet hang seg sporty med på songane anten det var Fairytales eller You are the one that I want. Nokre jenter på fremste rad som mimra om då dei song julekonsert saman med Hanne Krog i kyrkja på Fitjar for ein ti års tid sidan ønskte seg La det swinge, og det fekk dei. Dei fekk og litt ekstra merksemd frå Hanne ved å synga godt i på Tir na Noir då det vart oppmuntra til allsong.

Publikumsfavoritten som flest ropte på var Reis meg opp. Det var langt fleire enn Hanne Krogh som måtte svelga ei tåra og to då Lars Bårdsen og Ingebjørg Andrea Gismervik som solistar framførde Rolf Løvland sin kjende song på haugesundsk. Som ei verdig avslutning framførde koret ein gospelversjon av Joyful. Det første verset vart sunge acapella og var til å få frysingar på ryggen av, sjølv om det var aldri så varmt i hallen. Songen gjekk så over i gospel-sving og heile hallen svinga med, før koret og Hanne takka for seg og forlot scenen med ein hærskare med ungar etter seg som både villa ha autograf og ta bilete.

Mange fleire songar og songarar, folk i kulissane og dei mange 9. klassingane som brukte operasjon dagsverk dagen sin til å gjera klart til konsert kunne vore nemnd, men eg vel å stoppa her medan enno «Reis meg opp og bær meg øve havet, reis meg opp og sett min fot på fjell» kling friskt i minnet.