Robin og Bugge leverte høg energi og flørta så vilt frå scena at publikum til slutt hoppa saman med hiphop-duoen.

 Då rytmane dunka i mellomgolvet og duoen gjorde sine beste forsøk på å uttala Fitjar som ekte fitjarbuar, blei det klart at her skulle det bli god stemning. Men det tok si tid før ungdomane var heilt med. Noko kan kanskje skuldast at dette er ei gruppe som endå er i startfasen i karriera si. Trass i deltaking på VG-lista og opningskonserten på Norway Cup, og høge noteringar på sals- og nedlastingslister, hadde kanskje berre dei mest musikkinteresserte fått med seg gruppa. Den store allsongen uteblei i alle fall. Kanskje er det å leva med på konsert heller ikkje det ungdommane har mest trening i. Det måtte eit løfte om å bli merka i eit bilete tatt frå scena av DJ-en DJ Pomba at publikum for alvor stimla saman framfor scena. Det var eit språk ungdommene verkeleg forstod.

Korleis alt no heng saman kan vera det same. Siste nummeret frå scena var den nyaste songen deira, «Elak, elak», og den ville dei ikkje starta før alle var samla framfor scena, klare til å hoppa med. Ikkje eingong Raude Krossen slapp unna. Og med folk tett samla og stemninga på topp, var konserten over.

Sjølv om mange ikkje hadde allverda erfaring med Robin og Bugge, var det eit kjekt møte med to glade gutar, som etter eige utsegn driv med musikk fordi dei likar å sjå glade folk, og gleda kom hjå konsertgjengarane til slutt.

 

Ingressbiletet: Robin og Bugge i sitt ess på Fitjar laurdag ettermiddag. Foto: Arne Vestbøstad