Foto: Tipsar

Politiet frigjer namnet på den forulukka mannen som omkom i brann på Fitjar Mekaniske.

Det var Robert Bogdan Chorzewski (48) som mista livet då det oppsto brann i samband med arbeid i båten «Hordagut», som låg til kai ved Fitjar Mekaniske verkstad 27. oktober.

Chorzewski var polsk statsborgar og hadde bustadsadresse i heimlandet.

Namnet vert frigjeve i samband med dei pårørande.

Tidlegare denne veka gjekk politiet ut med ein førebels konklusjon om kva som var årsaka til ulukka. Det skal ha vore oksygen på avvege, som blei tent ved bruk av ein vinkelslipar.