Kultursjef Bente Bjelland, her med Roald Tellnes i Galleri Losjen. Arkivfoto.

Utstillinga i Galleri Losjen med kunsten til Roald Tellnes er open både denne helga og neste helg, i tillegg til enkelte vekedagar.

Det er kultursjef Bente Bjelland som skriv dette i ei pressemelding. Ho fortel at det vert omvising i utstillinga med informansjon om kunstnar og kunst.

– Ta ein liten timeout frå julestria og sjå dei flotte bileta! oppmodar kultursjefen. Me byr på gløgg og julekaker og koseleg stemning. Dette er ein salsutstilling så kanskje er det her du finn julegåver.

Galleri Losjen vil òg fungera som ope kulturkontor kombinert med utstillinga på utvalde tidspunkt, som du finn på heimesida til Fitjar kommune. Kultursjefen ser gjerne at du stikk innom for ein prat; ho ynskjer tettare kontakt med innbyggarane i kommunen.

– Så om du har noko kulturelt på hjarta, treng rettleiing for å søke på tilskot, har forslag til ting som kan være med å løfte kulturtilbodet i Fitjar ytterlegare eller berre vil slå av ein prat er det berre til å komme innom!

Kulturkontoret ynskjer alle innbyggarar i Fitjar ei god førjulstid!

Utstillinga er open denne helga, til og med måndag 10. desember. Og neste helg er det ope frå torsdag 13. til og med søndag 16. desember. For detaljerte opplysningar om opningstider viser kultursjefen til Fitjar kommune si heimeside.