Førstkommande laurdag kjem Roald Kaldestad til Fitjar, fortel Rita Huse på folkebiblioteket.

Det blir familieframsyning med den kjende forfattaren og musikaren Roald Kaldestad på Fitjar folkebibliotek laurdag 3. november kl. 16.00.

Han er forfatter og musikar og har jobba med blant andre Odd Nordstoga og banda Magnet, William Hut og Storm Weather Shanty Choir. Han har skrive bøker om ”Heavy-katten” og ei bok som heter ”Englefjell”. Veka etter at han har vore her, skal han vere med og arrangere Falturiltu-festivalen på Stord.

Showet hos oss vil innehalde både musikk og opplesing, seier Rita Huse, som vonar på fullt hus på bibliotektet laurdag ettermiddag.