Roald Drønen gler seg til ta fatt i Fitjar kyrkje igjen.

Førstkomande søndag blir det gudsteneste med den nye soknepresten i Fitjar, og det er duka for eit kjærkome gjensyn med Roald Drønen.

Den nye soknepresten er ingen ny mann for fitjarbuen; han har vore prest hos oss før, i fleire periodar, og har budd i Fitjar meir eller mindre samanhengande sidan 1995.

Det året begynte Roald som kyrkjelydsprest i Fitjar, etter å ha vore sjømannsprest i Liverpool i tre år. Austevollingen blei etter kvart fitjarbu god som nokon, og kjøpte seg hus rett overfor kyrkjeporten.

Etter sju år som kyrkjelydsprest hos oss reiste Roald ut att som sjømannsprest, denne gongen til Antwerpen i Belgia. I 2005 kom Roald og familien tilbake til huset i Fitjar, og han vikarierte som sokneprest i rundt eitt år, før han gjekk til det private næringslivet.

Dei siste åra har Roald vore sokneprest på Bømlo, og no blir han altå sokneprest i Fitjar «på skikkeleg». Han vedgår at han kjem til å sakna bømlingane, men han gler seg til å ta fatt i Fitjar igjen.

Som prest har han flytta nokre gonger; det er ikkje noko nytt for han:

– Dette har dei fleste vore borti; slik er ei prests lagnad, smiler Roald.

Han gler seg alltid til gudsteneste, og ikkje minst til søndagens møte med kyrkjelyden i Fitjar. Prosten er på visitas, så det blir setteprost Egil Larsen som skal stå for innsetjinga av Roald Drønen som sokneprest.

Roald har ikkje noka bestemt programerklæring for prestegjerninga si i Fitjar. Men han ønskjer å vidareføra det gode arbeidet som har blitt gjort hittil, saman med staben og gode, frivillige medarbeidarar.

– Hjarteleg velkommen til kyrkje, seier den nye soknepresten til slutt.