Skjelettet til den gamle murbygninga til barneskulen på Rimbareid står enno. Men det vert rive, litt etter litt.

Då Fitjarposten var oppom skulen i dag, var ein begynt å fjerne taket.

– I tillegg er det ein god del treverk på innsida som skal fjernast før me byrjar å knuse murveggene. Difor vil det nok ta nokre veker enno før heile bygget er borte, seier Harald Engevik i Engevik & Tislevoll AS i ein kommentar.