Torsdagens temakveld i kyrkja samla eit lydhøyrt publikum på 84 då den kjende journalisten og forfattaren Erling Rimehaug snakka om temaet «Kan Guds vei gå i mørke?».
Erling Rimehaug er kjend som mangeårig journalist i avisa Vårt Land, og har gitt ut fleire bøker. Boka «Når Gud blir borte» kom ut for nesten 20 år sidan, og boka «Tørsten gir lys» fekk Emmaus-prisen i 2007 for beste kristne bok.
Når ein opplever åndeleg mørke og at Gud er langt borte frå oss, er det lett å tenkja på at det er fordi det er noko gale med oss eller vårt kristenliv. Men mørket kan også vera eit teikn på at Gud arbeider med oss. – Guds veg går også i mørke, seier Erling Rimehaug.
Han tok utgangspunkt i ei bok frå 1577 av den spanske munken Johannes av Korset (Juan de Yepes y Alvarez 1542–1591). Også Johannes opplevde åndeleg tørke, leid sjelekvaler og følte at Gud hadde forlate ham. Men han fann etter kvart tilbake til gleda.
Rimehaug kjente seg igjen i det Johannes av Korset skreiv i boka «Sjelens mørke natt». Han skreiv ein del artiklar i avisa Vårt Land om temaet, og desse blei etter kvart til boka «Når Gud blir borte».
– Den som er i dette mørket, tror at dette mørket vil vare, understreka Rimehaug i foredraget sitt.
Sjølv hadde Rimehaug gitt opp å lesa i Bibelen og streva med tankar om kvifor Gud hadde blitt borte. Han fann etter kvart ut at det gjaldt å leggja vekk strevet for å vera åndeleg. Strevet gjer at me ikkje slepper Gud til, meiner han, og løysinga kom då han greidde å slappa meir av.
Rimehaug slo fast at eitt er nødvendig: Å ta vare på lengselen – ropet til Gud er det som skal til!
Erling Rimehaug (f. 1947) har vore tilsett i Vårt Land i 40 år. Her har han hatt ulike stillingar som journalist og redaktør. No er han pensjonist, men skriv framleis i Vårt Land og i andre publikasjonar. I tillegg leier han pilegrimsreiser, blant anna til Israel. Han er utdanna lektor med realfag, historie og kristendom.
