Attgroing av tjørnet endrar miljøet som ligg til grunn for naturreservat. Amfibiekøyretøy ryddar opp

I 1995 vart Rimbareidtjørnet naturreservat verna for å ta vare på eit særs produktivt trekk- og
hekkeområde for våtmarksfugl. Attgroing av tjørnet dei seinare åra gjer at reservat endrar karakter og ein har no sett i verk tiltak for vedlikehalda området.

Grunnlaget for det praktiske arbeidet finn ein i ”Forvaltingsplan for Rimbareidtjørna naturreservat” som er skriven av Magnus Johan Steinsvåg hjå Fylkesmannen i Hordaland, miljøvernavdelinga.

Det praktiske arbeidet går ut på fjerne flytetorv frå vassflata og å grave ut kanalar mot utløpsbekken slik at vatnet får betre gjennomstrøyming. Det er første gongen ein prøver denne forma for vedlikehald i naturreservat i Hordaland.

Reiskapen som vert nytta er ulike amfibiekøyretøy. Desse er leigd inn frå firma Amfibie Service i Arendal.

Magne Røed, ein av grunneigarane til vatnet, ser svært positivt på arbeidet. Han var uviss på om dei små amfibiekøyretøya kunne klare jobben, men er no overtydd om at desse fungerar fint. Han håper at det vert avsett nok midlar slik at rehabiliteringsarbeidet kan gjerast heilt ferdig.

På internett vil det om kort tid bli laga til ei side som inneheld rapporten og all relevant informasjon om Rimbareidtjørnet. Denne kan ein finne under miljostatus.no