Rimbareid barne- og ungdomsskule er stengt i dag. – Elevane treng ikkje å kome på skolen i dag, seier rektor Siv Grete Stamnes til fitjarposten.no.

Årsaka er eit vassleidningbrot i Sjøsbrekko. – Det er brot i eit gamalt eternitt-røyr like ved gymsalen. Me vel då å skifta heile denne røyrleidninga i det me ser for oss at me lett kan få fleire brot i denne, seier driftsleiar i Fitjar kommune, Tore Nesbø, til fitjarposten.no.

Rektor ved Rimbareid skule, Siv Grete Stamnes, har valt å stengja skolen. – Eg kan ikkje ta ansvar for at 373 elevar pluss eit stort personale skal vera her ein heil dag utan vatn, utan mogelegheit til å gå på toalettet og anna, seier ho.

Driftsleiar Nesbø seier at dei no tek til me gravinga for å få skifta ut det gamle røyret og at mannskapa vil stå på til ein kan sleppa vatnet på att.

– Eg trur det er von om at det kan verta ordna i dag, så det er grunn til å tru at det kan bli skule att i morgon, seier han.

Fitjarposten vil følgje saka. Sjå og Rimbareid skule sine heimesider på www.fitjar.kommune.no.