Frå og med 1. januar 2010 gjekk riksveg 545 over til å verta fylkesveg.

Etter artikkelen om den nye reguleringsplanen for fylkesveg 545 har fleire undra seg over om ikkje journalisten har bomma her ved å kalla riksvegen for fylkesveg. Frå 1. januar 2010 vart riksveg 545, som går på vestsida av Stordøya frå Meatjønn til Sandvikvågkrysset, saman med 35 andre riksvegar i Hordaland gjort om til fylkesveg (Fv). Eigarskiftet er ein del av den nye forvaltningsreforma som stortinget vedtok i juni 2009. No er det altså ikkje lenger staten som har ansvar for veg nr 545 men fylket, sjølv om kommunen i sin omtale av den nye reguleringsplanen fortsatt kallar vegen riksveg.