I desse dagar er det 60 år sidan statuen av Håkon den gode blei reist i Parken, til minne om det fatale slaget på Fitjar i 961, då den folkekjære kongen fekk banesåret sitt.

Etter 60 år har statuen over Håkon den gode i parken blitt ein naturleg og sjølvsagd del av bygda. Monumentet har vore med på å minna fitjarbuen og tilreisande om ei av dei mest dramatiske hendingane i Noregssoga, slaget på Fitjar i 961.

Då tusenårsminnet for slaget blei markert i 1961 med at kong Olav V avduka statuen, var 10–12 000 menneske til stades, i det mest omfattande arrangementet som nokon gong har funne stad her i bygda. Verken reisinga av monumentet eller markeringa «gjorde seg sjølv» – begge delar var resultat av hardt og tolmodig arbeid av eldsjeler som ikkje bør gå i gløymeboka.

Frå Håkonarstemnet på Fitjar i 1920, då 4000 menneske var samla på Fitjar.

Håkonarstemne i 1920 – for å førebu 900-årsjubileet for kyrkja i Noreg

Allereie i 1920 dukka ideen om å reisa eit monument over Håkon den gode opp. Det var på det første Håkonarstemnet på Fitjar – etter det fatale slaget i 961 – eit stemne som samla nærmare 4000 menneske. Initiativtakar var Olaf Hanssen, som må reknast som opptaktsmannen til reising av riksmonumentet over Håkon den gode på Fitjar.

Det blei oppretta ei arbeidsnemnd til å arbeida med Håkonarminnet. Leiar for nemnda var Lars Raunholm, mangeårig styrar ved Nordhordland amtsskule på Manger. Kassastyrar var Thorvald Meidell Dahle, som dreiv Sagastrand Gjestgiveri ved Fitjarsjøen. Elles var stordabuen Reinert Leirvik med, og sist, men ikkje minst, skrivar og initiativtakar Olaf Hanssen. Sistnemnde var materialforvaltar ved Stordø Kisgruber, men det blir sagt om han at han var meir ein idéforvaltar enn materialforvaltar, skriv Hans Nerhus i Bergens Tidende 14. juni 1961.

Grunnen til at dei ville ha stemnet i 1920, var for å markera 1000-årsjubileet for fødselsåret til Håkon den gode, i 920, heiter det vidare i den same artikkelen i Bergens Tidende. Og dei tok sikte på å ha ferdig Håkonarminnet til 1924, og 900-årshøgtida for den norske kyrkja. Som me veit, var det vel optimistisk, men arbeidet med å få reist eit minnesmerke var begynt.

I 1920 gav eit notlag frå Osternes det første tilskotet, men arbeidet kom ikkje i gang for alvor før 30 år seinare

Arbeidsnemnda gjekk i gang med å samla inn pengar. Det første tilskotet fekk kassastyrar Thorvald Meidell Dahle i 1920 frå eit notlag. Han fortel til Haugesunds Dagblad 19. juni 1961 at osternesingane hadde gjort eit sildesteng ved Fitjarlandet, og at dei gav 50 kroner av stenget til nemnda. I åra som følgde, blei det samla inn ein del pengar, men etter nokre år sovna arbeidet inn.

Det var først mange år seinare at arbeidet kom i gang for alvor. På eit møte i Bygdelaget Sunnhordlendingen i Bergen i 1950 tok overlærar Barnelius Sørfonden opp att ideen om å reisa eit minnesmerke. I den nye arbeidsnemnda for Håkonarminnet blei Barnelius Sørfonden og Magnus Hardeland med frå Sunnhordlendingen. Dei fekk med to mann frå Sunnhordland Folkemuseum og Sogelag, Kristofer Sydnes og Berje Aarbø, og frå Fitjar ungdomslag blei Harald Henriksen og Knut L. Rydland med. Thorvald Meidell Dahle, kasserar i den første nemnda 30 år tidlegare, kom med i arbeidet litt seinare. Arbeidsnemnda blei konstituert på eit møte på Hordaheimen 18. januar 1951, med Barnelius Sørfonden som formann, Magnus Hardeland som sekretær og Knut L. Rydland som kasserar.

Tok kontakt med «stortingsmenn og andre som veg tungt i samfunnet»

Den 1. juni 1951 vart det skipa til ei HÅKONARSTEMNA på Fitjar. Eit helsingstelegram vart sendt til H. M. HAAKON 7. – frå stemnelyden, og svarhelsing kom attende.

Dei sette straks i gang med å samla inn pengar, men såg etter kvart at dei hadde bruk for meir enn dei 50 000 kronene dei først tenkte på. I 1954 bestemte dei seg for å gjera styresmaktene interesserte i tiltaket. Magnus Hardeland reiste til Oslo og tok kontakt med stortingsmenn «og andre som veg tungt i samfunnet», som han sjølv seier. Særleg stortingsmann Ola Olsen frå Bømlo blei ein god støttespelar i arbeidet framover. Statsrådane Birger Bergersen og Nils Langhelle hjelpte til.

I møte med kabinettsekretær Bommen blei det planlagt ei adresse – ei helsing – som skulle sendast til kong Haakon 7. til den dagen han hadde vore konge i Noreg i 50 år. Denne helsinga til Kongen kunne alle som ville, få skriva under mot å betala minimum 20 kroner til Håkonarminnet. I 1954 gjekk det ut eit opprop til kommunar og fylke over heile landet, og til privatpersonar, med oppmoding om å støtta tiltaket. Aud Strandnæs, Solveig Hamre Fitjar og fleire andre damer i Fitjar sette seg ned med telefonkatalogar for heile landet, og fann folk dei kunne senda førespurnad til. Og så sende dei ut tusenvis av brev med spørsmål om pengestøtte.

Oppropet var underskrive av blant andre statsministeren, presidentskapet i Stortinget, fleire statsrådar og stortingsmenn. Innsamlinga gav 20 000 kroner netto, og helsinga blei boren fram for kong Haakon i 1955 av ein deputasjon under leiing av stortingsmann Ola Olsen.

No kom det store løyvingar til prosjektet, 25 000 kroner frå Staten, 20 000 kroner frå Hordaland fylke, 20 000 kroner frå Oslo kommune og 10 000 kroner frå Bergen kommune. Vidare kom det inn store summar frå andre fylke og kommunar rundt om i Noreg, og frå privatpersonar.

Kontrakt med bilethoggar Anne Grimdalen på 45 000 kroner

I 1956 reiste Magnus Hardeland og Kristofer Sydnes til Oslo for å få til ein avtale med bilethoggar Anne Grimdalen, og 15. juni 1957 skreiv nemnda kontrakten om å utforma monumentet over Håkon den gode for eit honorar på 45 000 kroner. Då var ho på Fitjar saman med nemnda, arkitekt Vaardal-Lunde og hagearkitekt ved fylkeslandbrukskontoret Eva Drivdal og såg på staden der monumentet skulle reisast.

Statuen blei først utforma i ¼ storleik. Så blei han forma i leire i full storleik og så støypt i gips. Til slutt blei monumentet hogge i granitt av monumenthoggarane Grimseth og Helgesen ved Fredrikstad. Veritas i Haugesund frakta statuen frå Fredrikstad til Fitjar for halv pris.

Berje Aarbø ville heller byggja opp att den gamle steinkyrkja

Men før ein kom så langt, må det ha vore ein diskusjon i nemnda om det skulle bli ein statue. I bladet Sunnhordland 4. mai 1956 kan me lesa at Berje Aarbø var inne på tanken om å reisa opp at den gamle steinkyrkja, i staden for ein statue av Håkon den gode.

«– For ei tid sidan tok Berje Årbø opp att denne tanken i den nemndi som arbeidar for reising av Håkonarminne, og no for rame ålvoret. Nemndi vedtok å få spørsmålet utgreidt.»

Men dei innsåg nok snart at dei måtte konsentrera seg om monumentet som dei hadde samla inn støtte til. I brev frå Ola Olsen til Magnus Hardeland ser me kva dei to meinte om saka:

«– Eg er samd med deg i at dette med reising av monumentet ikkje bør leggjast ned og i staden byggja kyrkja, då vil det kanskje verta misstyd av dei gjevarar som har vore med og ydt til det …»

Tett i tett med folk i Håkonarparken under avdukinga 18. juni 1961.

Håkonarparken høyrde til prestgarden

Grunnen til Håkonarparken fekk Fitjar kommune gratis av Staten, for stykket var ein del av prestegarden. I brev til Magnus Hardeland skriv stortingsmann Ola Olsen frå Finnås 9. mai 1956:

«… I dag snakka eg påny litt med statsråden og spurde om dei no hadde ekspedert lovnaden om tomt til monumentet, og til det svara han ja, og la til at eg skulle sleppa å betala noko for tomta – og la smilande til at eg kunde spandera ein kopp kaffi på han, og det var i orden, sa eg …»

Burde Håkon den gode heller venda andletet mot aust og soloppgangen, og ikkje «ned og nord» over fjorden?

Me som har gått forbi statuen i 60 år, tenkjer nok sjeldan over det når me ser han står og ser nordover fjorden. Men dette var ikkje like opplagt for alle i nemnda. Kristofer Sydnes skriv i brev til Magnus Hardeland:

«Eg har sett feltet, men ikkje sett på det med tanke på i kva leid andletet burde venda. Skal det venda mot nord, kjem ein eit gamalt ordspel i hug som her byd seg fram: Ned og nord. Det er dødslina. Og det vart den vegen han for. Det kan vera symbolsk sant, når ein berre tenkjer på dødsvegen hans. … men i folketanken står Håkon den gode som morgonroden for kristendommen over landet. Dagen renn i aust. Dei fleste kyrkjehus står slik at kyrkjelyden vender seg mot aust.»

Under kongemiddagen ser me leiar for lyd og lys, Knut L. Rydland framme til venstre. Framme til høgre sit stemneleiar Harald Henriksen, Rebekka Henriksen og nemndkasserar Magnus Hardeland.

Bygdas beste menn styrte det store arrangementet i 1961 på stødig vis

Sjølve arrangementet 18. juni 1961 er det største arrangementet som har funne stad i Fitjar, og det best planlagde. Av organisasjonsplanen og timetabellen ser me at ingen ting var på slump, og dei viktige oppgåvene var i hendene på bygdas beste menn.

Stemneleiar var Harald Henriksen, som hadde stasjon i stemnekontoret på Tinghuset. Stemnesekretær var Ingolv Rimmereid; om rolla hans kan me lesa: «Han er stevneledelsens hjelper og må mer eller mindre fast være å treffe på stevnekontoret og alltid vite hvor stevnelederen er. Han må kunne gi og ta imot beskjeder.»

Stemnekasseraren Bjarne Lunestad hadde ansvaret for alle inn- og utbetalingar. Billettsjef var Hallvard Vestbøstad, og gjestene blei losa til plassane sine av plasstilvisarar med plassjef Georg Isdahl i spissen.  

Formannen i nemnda, Barnelius Sørfonden, på talarstolen i Parken. Til vensstre kong Olav og heilt til høgre avdukingsansvarleg Berje Aarbø.

Mottakinga av Kongen på kaien var ved formannen i nemnda, Barnelius Sørfonden, og desse høge herrane: Stortingspresident Nils Langhelle, statsråd Helge Sivertsen, fylkesmann Mons Lid, admiralen, politimeisteren og ordføraren i Fitjar, Peder Nilsen Aga. Karl Gloppen var formann i plakat- og skiltnemnda, som sette alt på plass i samarbeid med lensmannen.

Vaktsjef var kaptein Knut M. Rimbereid, som sørgde for kontakten med lensmann og politi. Hamnesjefen, kaptein M. T. Rimmereide, disponerte eigen båt og var hamnefuten sin kontaktmann. «Arrangementet på Havnen er i sin helhet overtatt av Havnefogden i Bergen, og det er denne som har ansvaret.»

Elles kan me lesa at sjef for teltnemnda var Karl L. Rydland; teltet blei lånt inn frå Noregs Bondelag. Leiar for avdukingshøgtida var Berje Aarbø, og leiar for konserten i teltet var Magnus Hardeland. Og leiar for lyd og lys var naturlegvis Knut L. Rydland, som hadde ansvaret for «at nødvendig lys og forsterkeranlegg er på plass, og at det er prøvekjørt og justert …» Han var og kontaktmann overfor pressa.

Elles merkar me oss desse nemndformennene: Dekorasjonsnemnda Asbjørn Hestenes, campingnemnda Arne Drønen, og innkvarteringsnemnda Berner Tronshaug.

«Havnefogdens tre menn kommer 17. juni 1961 kl. 17. De skal overnatte. De må også skaffes mat.» Røde Kors hadde førstehjelpsstasjon, og ansvarleg lege var distriktslege Moe.

Ordførar Peder Nilsen Aga mellom statsråd Helge Sivertsen og kong Olav under middagen.

Knirkefritt arrangement etter detaljert timeplan

I den svært detaljerte timetabellen kan me lesa at natt til søndag 18. juni klokka 03.00 «kommer KONG SVERRE med instrumentene. Kaptein Rimmereide og Torolf Larsen hjelper til og får instrumentene på plass i teltet. Det bør være et par fluktstoler som disse folkene kan få hvile ut i.»

Eit lite utdrag av timetabellen viser at tidsskjemaet var stramt:

Kl. 12.00 Gudstjenesten er slutt og kongen forlater kirken.

Kl. 12.10 Kongen drar på biltur med fylkesmannen

Kl. 12.10 Æresvakt og divisjonsmusikken, samtlige talere er på plass ved monumentet. Gjestene må være på plass.

Kl. 12.20 Kongen ankommer monumentet. Detaljtider for programmet ved monumentet er oppsatt på egen timeliste (ved fylkesmannen)

Kl. 13.10 Kongen biler til Husmorskolen før noen forlater sine plasser.

Kl. 13.11 Alle innbudte gjester til kommunens middag på Husmorskolen snarest og ved

Kl. 13.11–20 får alle gjester sine bordkort og billetter til konserten og er på plass.

I avisene dagen etter kan me sjå at avviklinga gjekk knirkefritt. Bladet Sunnhordland 21. juni siterer ordførar Peder Nilsen Aga: «Lensmann og betjent gjorde framifrå arbeid med rettleiing og hjelp i dei ymse høve. Noko bruk for vanleg politiinngrep var det ikkje, for det var høg kultur over møtelyden.»