Håkon den gode.Foto: Øystein Aarbø
Håkon den gode.Foto: Øystein Aarbø

Laurdag 18. juni markerer Fitjar kommune at det er 50 år sidan kong Olav V avduka riksmonumentet over Håkon den Gode i Håkonarparken. Ein del av markeringa blir ei utstilling av bilete frå denne store dagen i soga til Fitjar. Det finst ein del biletmateriale hos Fitjar kommune, men det er å tru at også privatpersonar kan ha interessante bilete i heimane sine.

Dersom folk i bygda har bilete som dei ønskjer å dela med ålmenta, kan dei ta kontakt med ein av medlemmene i komiteen som arbeider med denne utstillinga: Elise Aarbø, Torhild Lunestad Andersen, Harald Westerheim eller Kjetil Rydland. Eller dei kan levera inn bilete til Fitjar kommune i kundetorget, i 1. etasje på rådhuset.