Det har kome svært store nedbørsmengder på Fitjar i dag.

Fitjarposten har fått fylgjande melding frå Annar Westerheim, busett i Dåfjorden:

«Ikkje nødvendig å vatna blomane i dag. 38mm nedbør frå klokka 12.30-18.00. Omrekna i liter fekk me 38 000 l pr mål. 1 mål svarer til ei vanleg bustadtomt i Fitjar.»

Me takkar for rapporten, og tek gjerne imot fleire lokale vêrrapportar og vêrbilete på e-post: helgari@frisurf.no