Premiereførestillinga 15. mai er allereie utselt, og det er berre få billettar igjen på til framføringa på 17. mai. Lokalrevy er populære saker.

– Ja, det skal bli spennande å dra i land ein lokalrevy igjen, seier primus motor Ole Bergesen til fitjarposten.no. – Dessutan er det første gongen me har slik framføring i Kultursalen, legg han til, og fortel at årets førestilling vert ei blanding av gamle sviskar og nye revynummer. Så her vil ein kjenna igjen både lokale personar og lokale saker.

Ole Bergesen skryt òg over folka rundt seg. – Ein utruleg flott gjeng å jobba saman med, seier han, og då tenkjer han på alle frå aktørar til band, lyd- og lysfolk og andre som gjer ein jobb for at det skal lukkast å setja opp denne revyen.