Ole Bergesen som "Fitjarbuen", meir usympatisk enn nokon gong. Foto: Kjetil Rydland.

Revyfestivalen «Berre galskap» opna fredag kveld med kvalifisering, og blant 19 trivelege nummer hevda Ole Bergesen seg ikkje uventa blant dei fremste med det kjende nummeret «Fitjarbuen».

Fredag kveld fekk me presentert ei rekkje revynummer frå heile Vestlandet, men det var nok ingen som fekk publikum til å le slik Ole Bergesen. Stadig klarer han å tyna meir og meir galskap ut av den særs usympatiske «Fitjarbuen». Og han kan lett gå heilt til topps under revyfestivalen, som er vestlandsmeisterskap i revy.

Ordførar Wenche Tislevoll opnar revyfestivalen; er det den nye ordføraren som lurer i bakgrunnen?

Men om han blir Wenche Tislevoll sin etterfølgjar som ordførar i Fitjar, tvilar me meir på. Ordføraren vår dei siste sju åra, har gjort det kjent at ho ikkje stiller til attval, og i kveld lanserte ho revykongen Bergesen som sin etterfølgjar i ordførarstolen. Det kan ha vore spøk, men Wenche var alvorleg då ho takka Ole Bergesen for at han med revyen er med og set Fitjar på kartet.

– Eg gler meg til revyfestivalen, sa Wenche Tislevoll, ja, heile Fitjar gler seg!

Vel halvannan time med god underhaldning blei det på oss som nesten fylte Kultursalen. Og ikkje ein gong måtte me sjå på klokka før det var slutt. Det er eit godt teikn. Me fekk oppleva mykje triveleg humor, men det var nok mange nummer som ikkje festa spesielt i minnet.

Eit unnatak er sjølvsagt den nemnde «Fitjarbuen». Elles gjorde den gamle ringreven Erik Wist sterkt inntrykk med songen «Hjernens Lim», til den kjende melodien «Both Sides Now» av Joni Mitchell. Og Neserevyen gjorde seg på ingen måte bort med sin sprø humor. Og skal me dømma etter applausen, skulle dei liggja godt an. Men som kjent er det ikkje det som avgjer kven som går til topps.

Å samanlikna revynummer er som å samanlikna plommer og pærer, og kven som når finalen av kveldens deltakarar, er det heldigvis ein særs kompetent jury som bestemmer. Og kven som vil gå til topps til slutt, torer me ikkje spå om. Men dei kan venta seg mykje god underhaldning, dei som går på familieframsyninga i morgon ettermiddag, og på finalen om kvelden.

Erik Wist med den rørande songen «Hjernens Lim».
John Arvid Skumsnes og Kristian Skumsnes vekte stor jubel på scenen.