Den store revyfestivalen "Berre galskap", som òg vil vere vestlandsmeisterskap i revy, starta i går kveld i Fitjar Kultur-og Idrettsbygg med over 30 deltakande grupper.

Juryen som består av Hanne Sagmo frå Norsk Revyfaglig Senter, Sigurd Aae Klausen frå Vestlandske Teatersenter og Arve Blokhus frå Stord, fortel til fitjarposten.no at stikkord for det dei vurderer er: det orginale, aktuelle tema eller tekstar, framføringa og kontakten med publikum.

Festivalen fortset kl. 15.00 med 2. kvalifisering, før det vert storstilt finale i kveld kl.19.30.

Fitjar revylag deltek med tre innslag.

"Break a leg", seier me.