Det siste halvåret kan folk som ferdast langs Fitjarelva ha høyrt meir høglydt klukking enn vanleg. Det skuldast ikkje uvanleg høg vassføring, men latteren til Kristian Skumsnes og John Arvid Skumsnes, medan dei jobba fram ein revy som kjem til Nesevågen i august.

 

 

Sjølv om mennene bak er ihuga skumsnespatriotar, lovar dei at det blir noko for dei fleste. Og dei næraste lovar ein revy utan ukvemsord og underbuksehumor, ja, i det heile ein snill revy, fri for utdriting. Istaden blir det grillkos, revy, basar og kanskje ein liten auksjon. Arrangementet blir halde utandørs, for å markera at 2015 er friluftsåret. Og i idylliske Nesevågen verken regnar eller bles det, hevdar John Arvid. I tillegg satsar dei på at fullmånen 29. august, kvelden arrangementet går av stabelen, skal bidra til at framsyninga blir av det magiske slaget.

 

Alle, alle vil dei ha med

Håpet er at det kjem nok publikum til at økonomien går i balanse. Dei har alt fått ordførar Wenche Tislevoll til å skriva revyen inn i avtaleboka si, invitert Fitjarposten og Kristian har planar om å lura mor si til å koma, slik at det i alle fall blir fleire i publikum enn på scena…

 

– Alle i heile kommunen er velkomne. Dei kan endå til koma frå Leirvik, Bømlo, og Tysnes… Ja, alle som vil, forsikrar John Arvid Skumsnes. Kristian Skumsnes er einig, og føreslår at det blir hengt opp ein plakat på Austevoll. Dei er einige om at revyen vil vera ein suksess om dei klarar å lokka nokon frå Austevoll. Men Huglo byr på problem, ifølgje Kristian.

 

– Klokka ti reiser jo dei frå Huglo seg, for å nå siste ferja. Det ser litt dumt ut…

 

Dei fortel at det er mange som alt veit at det kjem ein revy frå karane. Familie, vener, grendelaget har blitt varsla.

 

– I dag har eg kome litt lenger i førebuingane. Eg har snakka med grunneigaren, fortel Kristian.

 

Kvifor kjem de med ein revy no?

– Nei, me har jo ein del som må ut, ler John Arvid.

 

Har de erfaring frå skodespel eller revyscena frå tidlegare?

– Nei, ikkje anna enn at eg mima meg gjennom søndagsskulen. Det er frå søndagsskulen eg eigentleg har utdanninga mi, seier Kristian.

– Eg fekk eit kort frå søndagsskulen ein gong, der det stod at stolen min stod tom. Då hadde eg ikkje vore der på nokre gonger. Det har brent seg fast, sporar John Arvid av.

 

Arbeidet med tekstane starta før jul, og dei meiner no at dei har skrive nok. Neste steg er å øva det inn. Nokon smakebit ville dei ikkje gi enno, men dei fortel at dei har spelt gjennom sketsjane, og den einaste som har fått sjå gladskapen, applauderte ivrig, hevdar dei. Det var Kim Georg, katten til John Arvid. 

 

Kvifor skal folk koma på denne revyen, då?

Etter ein tenkepause slår Kristian fast: – Det blir som ei gravferd; Det er ei «once in a lifetime»-oppleving.

 

Ein av grunnane til at Kristian ønskjer at mamma Gerd finn vegen til revyframsyninga: kostymeskifta må gå smidigare enn dei til dags dato gjer. Foto: Arne Vestbøstad

 

Ingressbilete: Når hattar og Kina-kjolar er på plass, veit ein at det nærmar seg revy, Foto: Arne Vestbøstad