Årets sommarrevy i Fitjar har fått tittelen: "So hakkande gale",  startar 30. mai og held det gåande alle helgar til og med første helga i juli, heiter det i ei pressemelding frå "revyfolket".

Det er 9. året på rad at Fitjar Fjordhotell i samarbeid med Fitjar Revylag / Fitjar Teaterlag skipar  til Sommerrevy i Fitjar ! Revyen starta i 2000 og har halde det gåande alle somrane sidan, i Revyteltet ved Fitjar Fjordhotell.

-Konseptet er like enkelt som det er genialt. Publikum sitter ved langbord, får servert 1 time og 20 minutters revy i høgt tempo , før det, ein liten pause, brakar laus med ein time med allsong, heiter det i pressemeldinga som vart sendt ut i går.

Her kan ein òg lese at aktørene er ein blanding av lokale og nasjonale revyskodespelarar,  og  stand up- komikarar, som alle har ei forankring i Vestlandsmiljøet. 

Lokale folk som er med i år er Ole Bergesen, Henning Wichmann og  Terje Træet.

Utanifrå kjem Hans Morten Hansen, som i år er med for for 3 gong, og såleis skulle vere godt kjent av fitjarbuen. Det same gjeld Øystein Kloster, som er med for 4 gong, og som har sin store styrke på allsongbiten, der han får med absolutt alle til å lage elektrisk stemning i teltet.

-Ny i ensemblet i år er  Toni Gundersen, ei ekta Diva frå Stavanger og søster til Mia Gundersen.  Men ho står absolutt på eigne bein, har utstråling og sjarm og syng som ein gud. I tillegg har ho fartstid som revy/cabaret skodespelar frå Stavangermiljøet. Ho har òg, som Hans Morten, vore innom hotell Cæsar, og me veit ho vil ta publikum med storm, skriv Ole Bergesen i pressemeldinga.

Eit fire-manns orkester med Gunnar Bjelland i spissen, syt for musikken.