Fitjarbandet «Revivals» skal spele på Fitjar Fjordhotell onsdag før Skjærtorsdag, og på Gruo i Sagvåg på påskeaftan.

-The Revivals består av Sigurd Andre Maraas på gitar/vokal, Bjarte Maraas på gitar, Rebecca Alsaker på vokal, Bjørn Kristian Heggøy på bass og Ansgar Helland på trommer.

Bandet har John Fogerty og Creedence som sin «gylne tråd», men har alt frå rock»n roll til country- rock på repertoaret sitt.

Bandet har spelt saman sidan 2001 og har vore og spelt mange plassar rundt i distriktet, mellom anna Stord, Bømlo, Os, Halsnøy, Ølen og Tysnes, i tillegg til Fitjar, opplyser Sigurd Andre Maraas.

-Når The Revivals kjem på scena, blir det bånn gass med kjende og kjære låtar frå John Fogerty sin karriere, med innslag av «kong Elvis» og andre gamle heltar, legg Maraas til, og lovar å » ta ut alt på scena» og gje publikum «ein heidundrandes kveld».