Fitjarbandet The Revivals lovar ein heidundrandes kveld når dei held konsert i Kulturhuset 21. august.

Bandet består av Sigurd Andre Maraas (gitar/vokal), Bjarte Maraas (gitar), Rebecca Alsaker (vokal), Bjørn Kristian Helland (bass) og Ansgar Helland (trommer).

Repertoaret deira har alt i frå rock til country. Ikkje minst spelar dei musikk av  John Fogerty og Creedence. Elvislåtar høyrer òg med.

Bandet har spelt i lag i ni år.