Rundt 200 møtte opp då The Revivals markerte 10-årsjubileum på Fitjar Fjordhotell laurdag kveld.

Det populære dansebandet The Revivals skapte topp stemning for rundt 200 under jubileumskonserten sin i går kveld. Som vanleg gav dei alt på scenen, noko publikum visste å setja stor pris på.

Den faste besetninga var naturlegvis til stades og i vanleg, godt slag: Sigurd André Maraas, Bjarte Maraas, Rebecca Alsaker, Bjørn Kristian Heggøy og Ansgar Helland. I tillegg fekk eit nostalgisk publikum eit populært gjensyn med tre vokalistar som har vore med bandet tidlegare, Audun Sætre, Linda Gram og Ingvar Torvund. Gjesteartistane såg ikkje ut til å leggja nokon dempar på stemninga.

Då Fitjarposten var innom rundt midnatt, fekk me oppleva Audun Sætre og Ingvar Torvund i godt slag, til stor glede for den danseglade tilhøyrarskaren. Hotellet var i ferd med å fyllast, og ute i gata strøymde folk framleis til for å vera med på jubileet. The Revivals har såleis grunn til å vera vel fornøgde både med tilslutnaden og stemninga under jubileumskonserten.