Kommunestyret handsama onsdag revidert budsjett for 2013. Det gir konkrete utfordringar for skulen!

Det var lagt ekstra mykje arbeid i saka denne gongen, og framlegget omfatta svært mange punkt.

Agnar Aarskog (Ap) og Harald Rydland (Krf) var opptekne av dei signala langtidsplanen gav: Sjølv med nye inntekter frå Vindparken og auke i statstilskot, går det likevel mot underskot i planperioden, og det må takast på alvor alt frå hausten, når 2014-budsjettet skal vedtakast.

Arne Prestbø (H) slutta seg til dei to, og presenterte eit felles framlegg frå H og AP som gjekk på vesentlege innsparingar i revidert budsjett: Kr. 1.296.000 på drift og kr. 1 mill på investeringar.

Etter gruppemøte vart framlegget frå H/AP samrøystes vedteke, med ein reduksjon på kr. 60.000 på driftsdelen. Ein av innsparingane som då vart vedteke, var kr. 246.000 som skulle dekka meirkostnader med deling av 2. klasse på Rimbareid frå hausten.

Katrine I. Ankervold, hovedtillitsvald for Utdanningsforbundet, reagerte sterkt på det: Ho sa at det var veldig skuffande. Vedtaket var gjort utan nokon form for prosess i forkant eller spørsmål om konsekvensar. Dette gjeld ein stor klasse som får store utfordringar dersom klassen ikkje vert delt!