I ettermiddag er det duka for årets høgdepunkt 5. divisjon fotball når Fitjar tar imot Solid til eit klassisk nabooppgjer.

Kampen går av stabelen på grasbanen i Fitjar Idrettspark kl. 17.30 i ettermiddag. Då laga møttest til dyst i Hustredalen 3. juni, var Solid eit strå kvassare, og vann ein fortent siger 1-0. Derfor er prestisjen ekstra viktig denne gongen; det er eit revansjesugent Fitjar-lag som spring ut på graset i kveld. Det har alltid vore kjekt å slå Solid, og ditto ergerleg å tapa. Akkurat slik det skal vera mot gode naboar.

Eit anna interessant poeng i kveld er naturlegvis om Solid skal styrkja grepet om den andre opprykksplassen i puljen. Eller om Fitjar skal stikka kjeppar i hjula for naboane på andre sida av Morkjo, og kanskje melda seg på i opprykksstriden sjølv. A-lagstrenar Stein Gunnar Halleråker melder om eit par småskader i troppen, men vonar alle er friske og raske og klare til kamp når det drar seg til. Han set nok ikkje pris på eit nytt nederlag for Roger Almås, som var strateg på midtbanen til Fitjar i fjor.

For Fitjar skal det mykje til om dei skal kapra på 2.-plassen i puljen. Men Solid vil med siger i kveld ha eit godt grep den andre opprykksplassen i 5. divisjon avd. 02: