Både Betlehem og felles julesong var sentrale moment under «Me syng jula inn» i Fitjar bedehus i ettermiddag. Ei fin stund der julestemninga fekk gode kår.

– Hovudaktørar i dag er de som sit i salen, sa Lars K. Vik då han opna det heile, og viste til eit program med mykje allsong. Det vart det òg.

Likevel hadde sjølvsagt ikkje programmet vore det same utan dei andre aktørane.

Kjell Haukefær minte oss om den vakre julebodskapen i ei fin framføring av den sterke teksten i «Mitt hjerte alltid vanker», og Fitjar musikkforeining gleda med inderleg, fleirstemt og fulltonig song, stødig dirigert av Trygve Eiken.

Eiken leia elles programmet på ein lett, ledig og varm måte, og gjorde sitt til at den gode julestemninga fylte lokalet, og tok oss med «rett til Betlehem», som var temaet for kvelden.

Olga Vestbøstad og Tor Håkon Aarbø tente lys, og Eli Vestbøstad las juleevangeliet på ein svært god måte.

Og endå var det godbitar igjen…

Osternes mannskor stod for nydelege framføringar, både av ein julesong av Lars K. Vik og, tradisjonen tru, med «Å, kunne jeg bare bli barn igjen».

Til slutt «Praise Him».

Eit høgdepunkt for oss denne gongen òg. Supert at me har ei slik songgruppe her i bygda.

Kompet stod Vikafolket for. Jakob, Lars, Geir og Steinar Vik er i seg sjølv eit supert husorkester, og dei svikta så visst ikkje denne gongen heller.

Heller ikkje må me gløyma Ole Haukeland. Han styrte lyden på ein utmerket måte og hadde laga til fantastisk flotte lysbilete, både til allsongen og til dekor.

I alt kom det inn 7 800 kr i kollekt der det overskytande skal gå til Steinar Harila sitt arbeid i Russland og SI-reiser sitt prosjekt i Vyborg.