Slengjarar gav full liste til soknerådet i Fitjar.
Til tross for dårleg valdeltaking vart soknerådet i Fitjar komplett med 8 faste medlemar pluss varamedlemar.
Berre 17,4% av dei med røysterett svinga innom kyrkjevalet, ein nedgang frå førre val.
– Me har sendt ut valkort, og me merka til lokalet so godt so me kunne. Me kan ikkje jaga folk inn heller, fortel kyrkjeverje Harald Rydland, som sjølvsagt skulle likt å sitt høgare valdeltaking.
– Til tross for dårleg deltaking ser me at dei som røystar er engasjerte. Dei aller fleste hadde gitt personstemmer eller ført på nye namn, fortel sitjande soknerådsleiar Sigrid Marie Fangel.
Ho kan fortelja at til Bispedømerådet var det Nominasjonsnemnda si liste som fekk flest røyster av Fitjarbuen. Medan resten fordelte seg jamnt på Bønnelista og Open folkekyrkje.
Slik vart resultatet til Soknerådet i Fitjar:
1: Tom Rydland
2: Anne Marie Røed
3: Herman Inge Aadland
4: Håkon Rydland Sæbø
5: Sigrid Marie Fangel
6: Wenche Andersen Helland
7: Svein Lunde
8: Åse Rygg Heskestad Nøttveit
9: Jostein Skram
10: Karin Maria Korsvik
11: Magnord Tverderøy
12: Hilda Gloppen
13: Jan Ottar Wiik
14: Kjetil Rydland