– Naustet kjem til å stå både i mi tid og i di tid, sa bygningsvernkonsulent Bjørn Arve Lunde då han var på synfaring på Vestbøstad i går.

Det er ingen som veit kor gammalt det er, det gamle fellesnaustet på Vestbøstad, eit par hundre år eller kanskje endå eldre. Naustet ligg på nordsida av bergnabben ved notaklubben i Vestbøstadvikjo. Her ligg det langt utanfor allfarveg i dag, men strategisk til med tanke på båttrafikk, i ly for sydvesten. Etter namnet «spelbåtnaustet» å dømma var det her notabåten til gardane låg. Naustet er eit sjeldant og verdfullt kulturminne frå den tida då ulike notlag gjekk saman om å setja nøter i fjordane.

Etter at naustet blei SEFRAK-registrert i 1975, har det forfalle mykje. Hadde det ikkje blitt gjort noko no, hadde det snart berre vore ein steinrøys att. Det var både bygningsvernkonsulent Bjørn Arve Lunde og dei frammøtte grunneigarane samde om. Aase Nøttveit i Fitjar kommune er særs glad for at jobben er blitt gjort, og seier det er takka vere det gode samrbeidet mellom dei 11 grunneigarane på Vestbøstad som eig naustet i lag.

Gjennom Fitjar kommune har dei søkt og fått såkalla SMIL-midlar, tilskot til spesielle miljøtiltak i jordbruket. I retningslinene frå Statens landbruksforvaltning om SMIL-midlane kan me lesa: «Formålet er å i vareta natur- og kulturminneverdiane i kulturlandskapa til jordbruket, …» Aase Nøttveit i Fitjar kommune fortel at dette er eit særs verdfullt kulturminne, og at dei derfor har involvert Bjørn Arve Lunde, bygningsvernkonsulent i Hordaland fylkeskommune.

Han fortel at han ikkje har hatt nokon ank for dette prosjektet. Dialogen med Johannes Særsten, som har restaureringsjobben, har vore god heile tida. Derfor rekna han ikkje med negative overraskingar under gårsdagens synfaring.  Og han kunne konstatera at arbeidet er i ferd med å bli gjennomført på ein prikkfri måte. Rasteskifertaket er snart ferdig tetta, og Særsten har klart å ta vare på ein del av trevyrket som held taket oppe. Ein del rotne delar er kopierte og skifta ut, men fleire sperrer, søyler og delar av ramma blir med vidare i mange år.