Bente Bjelland, Arne Prestbø og Hilde Killingrød framfor våningshuset. Foto: Ingrid Hovstad

Det finnes ikkje noko meir idyllisk enn å nyta late sommardagar i Fitjarøyane. På Smedholmen restaurerer ein bygningane, og satsar på å kunna leiga dei ut.

I 1975 erverva Miljøverndepartementet Smedholmen til friluftsområde. Den vesle kystgarden på øya, med sine 4 bygningar, kom i 2011 inn i landsverneplanen til Miljødirektoratet. I 2016 kom meldinga om at bygningane skulle fredast.

Våningshuset og sjøbua vart freda innvendig og utvendig. Kårhuset og løa vart freda utvendig. Det vart tildelt om lag 4 millionar til det samla restaureringsarbeidet. Forsvarsbygg på vegne av miljødirektoratet er ansvarleg for restaureringsprosjektet, medan Fitjar kommune er byggeleiar.

Ein valde å starta med våningshuset for å få prosjektet i gong så snart som råd. Slik vert det ogso ein mogelegheit for å ta til med drifta før alle bygningane er ferdig restaurert. Arbeidet med våningshuset vart lyst ut på anbod, og Engevik og Tislevoll fekk jobben.

Sjøbua skal blant anna få skifertak, den har i dag berre skifer på ei side av taket. Foto: Ingrid Hovstad

Ingen maskinell spikring

Bygningane skal verta so like som mogleg det dei såg ut ved det fastsette verningstidspunktet. Arbeidet skal gjerast grundig, men på «gamle måten».

Festemateriell: Generelt skal det benyttes kun vanlig varmeforsinket hammerspiker på elementer som skal festes med spiker. Maskinell spikring godtas ikkje.

Ovanfor er eit lite utdrag frå dei svært detaljerte instruksar ein jobbar etter.

Våningshuset har blant anna har ein fått lagt om taket, fiksa roteskadar, skifta takrenner, vindauge og kjellardøra. Arbeidet har gått fint, og ein er straks ferdig med arbeidet utvendig.

- Annonse -

Dei 3 resterande bygningane vert i desse dagar lagt ut på anbod for restaurering. Desse husa skal etter planen restaurerast parallelt.

Friluftsrådet Vest og Fitjar kommune har saman kjøpt ei betongflytebrygge tilknytt kystgarden. Brygga har storleik 14 x 2,40 meter. Det var behov for å skifta ut utedoen på kystgarden, så den er blitt fjerna. Det skal byggjast ny utedo med økonomisk stønad frå Friluftsrådet.

Smedholmen Kystlag på dugnad. Her framfor kårhuset. Foto: Ingrid Hovstad

Kystlag med mange idear

Smedholmen er organisert i eit kystlag, som er registrert i Brønnøysundregisteret. Kystlaget har sitt eige interimstyre. Det er sett ned ei arbeidsgruppe under leiing av kulturkontoret ved kultursjef Bente Bjelland, som har hatt fleire møter, synfaringar og dugnadar.

Fitjarposten var med til Smedholmen på dugnad. Bente Bjelland, Arne Prestbø, Stein Arild Aarskog, Kari Rydland og Hilde Killingrød jobba på. Hovudjobben for dagen var å vaska kjellaren i kårhuset. Elles fekk dei kløyv ved, rydda kvist og greiner, og planlagt framover.

– Folk må bli glad i staden, uttala Kari Rydland, som er blant dei med mange idear for plassen.

Kjellaren fekk ein grundig vask. Her er Kari Rydland og Stein Arild Aarskog som er i aksjon. Foto: Ingrid Hovstad

Ope for ålmenta

Målet til kystlaget er at ein skal gjera Smedholmen ope for ålmenta. Ein ynskjer å leiga ut bygningane, i avgrensa tidsrom, til ymse formål. Både til enkeltpersonar, lag og organisasjonar eller firma.

– Ein ser for seg at ein får i gong fleire interessegrupper som har ulike ansvarsområde i prosjektet. Til dømes innanfor vedlikehald, hagestell dyrking, arrangement, og liknande, fortel Bjelland. Ho legg til at ser til liknande prosjekt for å få inspirasjon til ei berekraftig drift, og at ein jobbar med ein plan i høve berekraftig økonomi og drift.

Ein liten kaffipause må til når ein er på dugnad. F.v Hilde Killingrød, Kari Rydland, Bente Bjelland, Stein Arild Aarskog og Arne Prestbø. Foto: Ingrid Hovstad

Dersom nokon har lyst å delta på dugnader og har gode idear, kan ein kontakta kultursjefen Bente Bjelland.