Banen er stengt! Foto: Fitjar Idrettslag.

Fitjar kommune og Fitjar Idrettslag har bestemt seg for å stengja idrettsanlegga våre for all bruk, men likevel har det vore folk i aktivitet på kunstgrasbanen i dag.

I går kveld blel det kjent at det er påvist koronasmitte i Fitjar. Og blant dei siste smitteverntiltaka, som blei oppdaterte på Fitjar kommune si heimeside i går kveld, går det klart fram at idrettsanlegga er stengde for all bruk, både organiserte aktivitetar og anna.

Dette gjeld Fitjar Idrettspark – løpebanen og grasbanen, kunstgrasbanen, ballbingar og liknande. Likevel har me ved fleire høve møtt folk i aktivitet på kunstgraset i dag.

Ordførar Harald Rydland er skuffa over at folk ikkje har fått med seg forbodet. Derfor lova han sporenstreks å bestilla forbodsskilt som ikkje er til å ta feil av. Me gjentar oppmodinga på Fitjar kommune si heimeside: Det er stengt for all bruk på alle idrettsanlegga våre!

Aktivitet på kunstgraset i dag, trass i at idrettsanlegga er stengde. Foto: Kjetil Rydland.
Fleire hadde flytta aktivitetane sine opp til Olstjødno i føremiddag. Foto: Kjetil Rydland.