Rektor Leif Helge Engelsen og elevinspektør Dan Torbjørnsen fekk prøve seg saman med elevane på kjøkenet på Fitjar vgs. Og det på eit heilt nytt produkt.

Det var Torbjørnsen som på uformelt vis ymta frampå overfor lærar på Vk2 kokk og servitør, Liv Karin Karlsen, at han godt kunne tenkja seg å vere med i undervisninga, som ein av elevane, ein dag. Det ville òg rektor Engelsen. Resultatet vart at begge vart invitert på ståande fot. 

Ikkje berre fekk dei to vere med på kokkeleringa, dei fekk faktisk vere med på å framstille eit produkt som aldri har vore i produksjon før.

– Me lagar lettrøykt fiskepølse, forklarer Liv Karin Nilsen. – Dei skal me selje under den store haustmarknaden i Fitjar sentrum i morgon, legg ho til.

Fitjar vgs lanserer såleis endå eit nytt produkt. Tidlegare har dei vore med på å framstille både fitjar-kebaben og fitjarpølsa.

Om korleis det var for rektor og elevinspektør å få lage mat, svarar dei begge spontant som elevane plar å gjere: – Kjempegøy!